(Kjøp: 200 kr. inkludert frakt ved bestilling via kaisa.aglen@zoho.com. Rabatt ved kjøp av fleire bøker.)
Poetisk undersøking av korleis vi forstår og snakkar om krig
Då Noreg vart med i krigsangrepet mot Afghanistan gjorde politikarane eit poeng ut av å aldri omtale det som krig. Kva gjer det med folk å tilhøyre ein stat som rettferdiggjer drap av menneske i «fjerne land»? Kan ein førestille seg kva krig er utan å ha opplevd det sjølv? Kor langt kan poesien ta oss? Har poeten plikt eller rett til å ta inn andre sine forteljingar og ord?
Mellom krig undersøker korleis vi ser på og talar om krig og ondskap, med fokus på Noregs (såkalla) utanlandsoperasjonar i nyare tid. Tekstene har i seg korleis krig alltid er blanda med liv og kvardag, og at den umiddelbare dommen dette burde ikkje skje kan romme fleire og ofte motseiande kjensler, spørsmål og krav til handling.
«Mellom krig» vart i 2017 nominert til NTNUs litteraturpris og i juryens grunngjeving står det mellom anna: «de korte lyriske setningene gir rom til det som må stå usagt, det vi bare kan ane, det vi ikke kan sette ord på. (…) Mellom krig agiterer ikke for ett synspunkt, boken er aldri moraliserende. Kanskje nettopp derfor er den så gripende og overbevisende.»
Utgitt 2016 på Det Norske Samlaget. Omslagsdesign: Ragnhild Aamås