(Kjøp: 200 kr. inkludert frakt ved bestilling via kaisa.aglen@zoho.com)
Utforskande form for å nå fram til ingentingkjensla
Kvar i kroppen sit ingenting er ei samling konsentrerte dikt, der bilete og tankar tek store sprang på ein uanstrengt måte.
Undersøking av fråvær, gliper og kjensle av stille står sentralt — både av det gode og truande eller røyndomsflerrande slaget.
Boka tematiserer også elsk, makt og avstand.
Bokmeldar Atle Kittang skreiv i Klassekampen at «Aglen gjennomfører sin hyperimpresjonistiske skrivemåte med presisjon, påtakeleg evne til å meisle ut sanselege detaljar, og ikkje minst vilje til å gjennomføre eit eksperimentelt prosjekt.»
Utgitt 2012 på Det Norske Samlaget. Omslagsdesign: Ragnhild Aamås