(Kjøp 250 kr inkludert frakt ved bestilling via kaisa.aglen@zoho.com.)
Dikt om å leve med sjukdom og skade midt i alt anna
«Eit større regn» undersøker, gjennom fire ulike personar, korleis det er å vere i sjukdom og skade. Tekstene forsøker tale frå midten av det som overveldar, der ein ikkje har overblikk og ikkje veit nokon veg ut. Midt i alt dette vakre og vonde som sameksisterer i liva våre.
Nokre trådar som går att er: Endra oppleving av tid og rom, møte med eigen dødelegheit, den skjøre kroppen sin relasjon til natur og andre menneske, og samfunnet sitt syn på dei sjuke.
Utgitt 2023 på Det Norske Samlaget. Omslagsdesign: Ragnhild Aamås