Foto: Samlaget / Ingunn Moen

Eg er født i 1985 i Volda, vaks opp på gard på Ekset, og flytta til Trondheim i 2005.

Eg har gitt ut tre diktbøker på Samlaget: Kvar i kroppen sit ingenting (2012), mellom krig (2016) og Eit større regn (2023). Nokre av tekstene er blitt gjendikta til tysk og russisk.

Eg har ogso publisert dikt og andre tekster i ymse antologiar og tidsskrift, no sist i antologien Ny amerikansk poesi 2, der eg har omsett tekster av Solmaz Sharif.

(Meir info / full CV kan sendast etter førespurnad)